Fram i tid

el-fisk2komp.jpg

Korleis ser framtida for laksen ut i lys av klimaendringane og mennesket sitt forbruk av natur?

Laksen har teke i bruk leveområde etter kvart som isen har trekt seg tilbake. I sør er det fleire menneske, tettare busetnad og større utnytting av vatn og landområde enn i nord. Prisen for dette er færre elver med laks og færre laksar i elvene. Laksen er no trua i heile leveområdet i Europa og Nord-Amerika.

Det vi opplever av klimaendringar, vil forsterke dette biletet. Laksen sitt leveområde vil bli skyvd endå lenger nordover, og det vil bli endå færre elver med laks og færre laksar.

Men laksen har vist evne til overleving og tilpassing. Dette motverkar ei slik utvikling. Farten på endringane blir avgjerande for om laksen klarer å tilpasse seg.

Biletet endrar seg dersom vi klarer å motverke klimaendringane, dersom vi klarer å ta betre vare på dei laksestammene vi har, og dersom vi set i verk tiltak som kan styrkje dei. Det krev at vi forstår situasjonen og klarer å sjå ting i samanheng.

Framleis har Noreg meir enn 400 laksevassdrag. Det er eit godt grunnlag for å ta vare på laksen. Er Noreg laksen sitt siste håp?

color2.jpg

Framtida

Det villaksen treng i framtida, er inspirerande lærarar, flinke forskarar, kloke politikarar og ikkje minst borgarar som tek medvitne val gjennom bruk av stemmeretten sin.

Du er med på å avgjere villaksen si framtid!


Gasta Design