Vår fantastiske villaks!
Laksen har levd på jorda i millionar av år, men menneska sin bruk av laksen og naturen har ført til at det ikkje er så mykje villaks i elvane våre. Skal laksen vere med oss i framtida, må alle kjenne til og bry seg om han. Dei fire villakssentra arbeider for å spreie kunnskap og skape engasjement for laksen. Laksen er vår felles arv og vårt felles ansvar!
Bruk det digitale villakssenteret til å bli litt klokare.
Du er også velkommen til å besøke oss i Laudal, Lærdal, Støren eller Tana.
Det digitale villakssenteret
Her inn i det digitale villakssenter finn du dybdeinformasjon om laksefiskane våre, om livssyklus og biologi, om deira plass laksen i naturen og om forholdet mellom laksefiskane og mennesket.
Me har utvikla eigne sider med undervisningsopplegg for lærarar. Det ligg ei rekke oppgåver og aktivitetar til bruk i undervisninga. Alle er retta inn mot ulike kompetansemål. Du får tilgang til «Villakskalenderen», «Det store laksespillet» og elevheftet «Kven bor i elva di?» med rettleiing til lærarar.
Du finn også ei rekke quizar som gjev kunnskap knytt til ulike fasar av lakselivet og miljøet laksen lever i.
Velkommen!