Nasjonalt villakssenter i Lærdal inviterer i samarbeid med Norway’s Best til Gytefestival for å skape merksemd kring laksen.
Gytinga er starten på nye lakseliv, er fascinerande å sjå på og føregår i oktober/november. I Lærdalselvi er det lett å sjå kva som skjer på gyteplassane om du går tur langs elva.
Målet med gytefestivalen er å skape opplevingar og aktivitetar som femner store og små, at me opplever og lærer meir om laksen i naturen og har det moro saman. Det meste er gratis, men noko må du betale for. På programmet står alt frå historieforteljing om og frå elvi, gytevandringar, natursti, foredrag om gyting og gyteåtferd, til konsert med sjølvaste Tønes.
Gytevandring vil foregå i Sokni og Elling, gode gyteplassar like ved Kongevegen forbi Galdane. Øvrige aktivitetar går føre seg på Villakssenteret på Lærdalsøyri
Lær om gyting i spennande foredrag:
Tittelen på “gyteforedraga” er: Kamp om damene eller er det damene som styrer? Om gyteåtferd, kurtise, reirbygging og «sneaky fuckers».
Anders Lamberg - seniorrådgjevar i Skandinavisk naturovervåking og Morten Kraabæl - senior fagspesiallist i Multikonsult, står for foredraga.
Anders er biolog med fokus på åtferd. Ingen har sett og filma så mange gytingar og gytelaksar som han. Han tek føre seg laksen. Morten er biolog med lang erfaring frå ferskvassøkologien. Han tek føre seg innlandsaure, trepigga stingsild og havniauge.
Anders Lamberg (t.v.) og Morten Kraabæl.
Tid: Fredag 24. oktober - søndag 26. oktober
Stad: Nasjonalt villakssenter, Lærdal
I tilegg til programmet, held utstillinga i Villakssenteret ope heile helga med gratis inngang.
Fullt program
Under kan du sjå programmet for kvar dag av festivalen.