Lærdal

Etter fleire år med ombygging og modernisering opna me nye utstillingar i juni 2023. I juni 2024 opnar me nok ein gong nyoppussa utstillingar. Her fortel me om laksen sitt fantastiske liv.

Følg laksen gjennom oppveksten

I utstillinga kan du følgje laksen gjennom oppveksten i elva, vandringa ut i storhavet, tilbake inn fjorden og opp fødeelva til han møter fossen der han ikkje kjem lengre.

Kva møter han på sin veg? Kva har laksen betydd for oss? Korleis står det til? Korleis påverkar mennesket livet hans før og no? Korleis ser framtida ut?

Me tek i bruk film, lyd, store projiseringar og bilde. For deg som vil ha meir informasjon har me interaktive skjermar. Det er quizar og utfordringar for små og store. Du kan gjere det heile på 20 min eller bruke heile dagen.

 

Opningstider

Prisar

 

Me fortel om:

* Relasjonane mellom laksen og mennesket

* Interessekonfliktane knytt til laksen og leveområda hans

* Laksen si evne til tilpassing og overleving og korleis me forvaltar han

* Framtida - korleis ser framtida for laksen ut i lyset av klimaendringane og mennesket sitt forbruk av natur

 

Laksen bakeri & kafé

Laksen bakeri & kafé er eit handverksbakeri som held til i villakssenteret.

 

Opningstider:

 
 
 

Nasjonalt villakssenter,
Øyraplassen 14,
6887 Lærdal